Annonse

Gir opp å finne mystisk pantemillionær i Skånevik

(NPK-NTB): I Skånevik i Hordaland har nokon gått frå ein milliongevinst i pantelotteriet. Ein månad seinare har ingen funne vinnaren og no kan det lokale Røde Kors-laget ta imot si største pengegåve nokon gong.

Annonse

Pantemillionær-mysteriet har vore månadens store snakkis i bygda, skriv NRK.

– Vinnaren har framleis ikkje meldt seg. Loddet er i vårt eige og gevinsten vil bli utbetalt om vedkommande ikkje blir funnen. Då seier lotterireglane at pengane går til Røde Kors, seier dagleg leiar Gaute Langdal i Pantelotteriet.

Pantaren gjekk frå pantelappen sin, med ein million i gevinst, i slutten av september. Fleire har meldt seg i håp om at det var deira lapp, men dei har ikkje kunne svare på kontrollspørsmåla.

Dersom ingen melder seg innan 90 dagar går premien til Røde Kors, og vil bli delt mellom lokallaget i Etne og organisasjonen sentralt. I tillegg får Spar-butikken som tok vare på loddet, ei finnarlønn. Lokallaget håpar på å bruke pengane på oppdatert redningsutstyr. (©NPK)