Annonse

God start på veka for Oslo Børs

Oslo Børs steig frå start og heldt høgda ut dagen. Måndag enda hovudindeksen med ein oppgang på 1,4 prosent til 902,33 poeng.

Annonse

Gjensidige forsikring gjorde det best blant dei mest omsette aksjane med ein kursvekst på 4,1 prosent. Marine Harvest toppa omsetningslista føre Equinor. Dei to selskapa steig med høvesvis 1,7 og 1,8 prosent.

Det var òg andre tungvektarar som fekk ein god start på veka. Hydro auka med 2,5 prosent, tett følgd av Telenor (2,4 prosent) og Yara (2,3 prosent). SNO stod for den einaste nedturen på topp-ti-lista; oljeselskapet fall med 0,2 prosent.

Oljeprisen fekk seg òg eit oppsving måndag og var prisa til 72,62 dollar fatet ein halvtimes tid etter at handelen her heime stoppa. Amerikansk lettolje vart omsett for 66,08 dollar fatet.

Dei leiande børsane i Europa klatra òg på den første dagen i veka. Dax-indeksen i Frankfurt førte an med ein oppgang på 1,2 prosent. CAC 40 i Paris og FTSE 100 i London steig med høvesvis 0,9 og 0,6 prosent.

(©NPK)

Veka starta godt på Oslo Børs. Det var brei oppgang blant dei viktigaste aksjane på ein dag da pila peika oppover òg i Europa og i oljemarknaden. Illustrasjonsfoto: Erik Johansen / NTB scanpix