Annonse

God stemning før tøffe budsjettforhandlingar

(NPK-NTB-Mette Estep): Støttepartia og regjeringa er samde om at dei er usamde før budsjettforhandlingane i år. Enkeltpostar på statsbudsjettet var ikkje tema då leiarane møttest tysdag.

Statsminister Erna Solberg (H), finansminister Siv Jensen (Frp), Venstre-leiar Trine Skei Grande og KrF-leiar Knut Arild Hareide la det felles, halvårlege møtet sitt til Stavanger tysdag.

– Vi har ein del ting å arbeida med, men eg synest stemninga var god, sa Solberg etter møtet, før ho hasta av stad for å nå flyet sitt.

Jensen var også godt fornøgd:

– Vi har drøfta tida som ligg framfor oss, ikkje minst perspektivmeldinga som er eit stort og viktig dokument. Men vi har ikkje drøfta enkeltelement i statsbudsjettet. No skal Venstre og KrF først leggja fram dei alternative budsjetta sine til veka, og så tek forhandlingane til etter det, seier ho til NTB.

– Vi snakka om mange ulike saker i dag, men for oss var det viktig å få fram kor viktig budsjettet er for oss. Det er ikkje noko nytt for dei. Eg trur ikkje nokon lærte noko nytt i det rommet i dag, seier leiar Trine Skei Grande.

Men også ho er fornøgd med møtet.

– Det er fire parti som opplever at dei får utteljing i samarbeidet, som vedkjenner at av og til er det vanskelege saker, men i det store går dette bra, seier Jensen.

Framtida er det ingen av dei som vil seia så mykje konkret om. Støttepartia trekkjer særleg fram forhandlingane om langtidsplanen for Forsvaret og miljøaspekta i budsjettet som store utfordringar.

– Vi har eit samarbeid for fire år, og det er ingen grunn for KrF til å bryta ut av det i den perioden. Men så er det eit val i 2017, med nye moglegheiter, og vi vil avklara det i partiorgana våre kva som er den naturlege vidareføringa etter 2017, seier Knut Arild Hareide.

Solberg, Jensen og dei andre leiarane lytta svært interessert til framlegginga av omstillingstiltak som har fungert dei siste åra, mellom anna bruk av offshore teknologi til bruk i helsevesenet, gjennom prosjektet Pumps n Pipes, og samarbeid mellom private og offentlege institusjonar. Trine Skei Grande peikar på korleis alle tiltaka heng saman og bør gjennomsyrast av grøn tankegang:

– Dette handlar om å snu heile Noreg, skapa nye arbeidsplassar, skapa ny industri. Det må vera arbeidsplassar og industri som kan overleva under eit regime med 40 prosent kutt i dei nasjonale utsleppa. (©NPK)