God veke enda med knekk på børsen

Hovudindeksen på Oslo Børs enda fredag på 898,23 poeng, ein nedgang på 1,15 prosent. Nedgangen kom på tampen av ei veke prega av oppgang.

Alle dei mest omsette aksjane på børsen gjekk i raudt fredag. Den tredje mest omsette aksjen, Norsk Hydro, bidrog sterkast til børsfallet med ein nedgang på 3,57 prosent. Selskapet blei følgt av Marine Harvest som gjekk ned 2,13 prosent. Yara International og DNB fall med høvesvis 2,02 og 1,21 prosent, og Equinor-aksjen heldt fram fallet frå torsdag og gjekk ned 0,46 prosent.

Den soleklare vinnaren i dag blei det internasjonalt uavhengige oljeselskapet InterOil Exploration, som steig med 24,73 prosent etter å ha lagt fram produksjonsrapporten sin for juli.

På dei europeiske børsane gjekk den tyske DAX 30-indeksen ned 2,16 prosent. Den franske CAC 40-indeksen fall med 1,92 prosent, mens FTSE 100-indeksen i London enda ned 1,03 prosent.

Nordsjøolje blei fredag ettermiddag omsett for 72,97 dollar fatet, mens amerikansk lettolje blei selt for 67,75 dollar fatet.

(©NPK)

Hovudindeksen på Oslo Børs enda på 898,23 poeng fredag, ein nedgang på 1,15 prosent. Foto: Tor Erik Schrøder / NTB scanpix