Godset får ny sjef

(NPK-NTB): Dag Lindseth Andersen (54) blir Erik Espeseths arvtakar som dagleg leiar i Strømsgodset fotballklubb.

– Eg er ein drammensgut med godt fundament i byen, og eg har vore SIF-supporter heile livet. Eg er veldig stolt over å ha fått denne jobben, seier Lindseth Andersen til Drammens Tidende i forbindelse offentleggjeringa onsdag.

Etter at det blei klart Erik Espeseth forlèt jobben til fordel for same jobb i Oslo-klubben Vålerenga, har Tom Saxegaard vore styreleiar og fungerande dagleg leiar i Strømsgodset. Saxegaard vil halde fram i virket ut året, fram til Lindseth Andersen tar over 1. januar.

Den nye daglege leiaren har mellom anna bakgrunn frå det globale straumforsyningsselskapet Eltek, der han sidan 2007 har vore dagleg leiar for verksemda i Noreg. (©NPK)