Godset signerer 17-åring frå Sogndal

Midtbanetalentet Johan Hove (17) forlèt Sogndal for å halda fram fotballkarrieren i Strømsgodset.

Midtbanetalentet Johan Hove (17) forlèt Sogndal for å halda fram fotballkarrieren i Strømsgodset.

Drammensklubben stadfestar overgangen på nettsidene sine, men opplyser samtidig at den obligatoriske medisinske testen ikkje er unnagjort. Han skal gjennomførast tysdag.

Hove skal signera ein avtale som strekkjer seg ut 2021-sesongen.

Stortalentet står bokført med 38 aldersbestemte landskampar frå G15- til G18-nivå. Han debuterte for Sogndal i Eliteserien som 15-åring.

Så langt har det blitt 29 kampar for klubben frå saftbygda.

- Johan har gått gradene i Sogndal heile vegen. Eg synest det er på sin plass å skryta av Sogndal og måten deira å driva spelarutvikling. Det har også vore ein veldig god prosess med leiinga for å få til denne overgangen. No skal vi hjelpa Johan til å ta det neste steget og vi er trygge på at han vil passa veldig godt inn her hos oss, seier Strømsgodsets sportssjef Jostein Flo.

- Johan har kvalitetar som passar godt inn i spelestilen vår. Han er arbeidsam, gjer det enkelt med ballen og har god fotballforståing. Ein fin gut som er vaksen for alderen. Eg har sett Johan i fleire kampar på aldersbestemte landslag, og det er liten tvil om at han har eit stort potensial. Vi er veldig glad for å få han på plass, seier hovudtrenar Bjørn Petter Ingebretsen.

(©NPK)

Sogndals Johan Hove er klar for Strømsgodset. Foto: Fredrik Hagen / NTB scanpix