Annonse

Graabak forfølgd av kvinnelege beundrarar

(NPK-NTB): Det norske kombinertesset Jørgen Graabak har problem med damene. Ifølgje Adresseavisen er han blitt plaga av to ukjente kvinner.

Annonse

– Dei dukka plutseleg opp – både heime hos meg og på trening. Dei var ofte å sjå, og stod på litt sånn merkelege plassar, seier Jørgen Graabak.

Problemet er ikkje nytt, også førre sommar blei han plaga av dei to til tider nærgåande kvinnene.

– Det er ubehageleg at folk forfølgjer meg. Ikkje noko artig. Dersom eg såg dei prøvde eg å ta ein anna veg for å unngå dei.

Han har så vidt snakka med dei, men veit veldig lite kven dei to er.

– Dei snakkar engelsk, men eg veit ikkje kvar dei kjem frå. Kanskje dei var her i ferien sin, men det er litt rart det også for dette gjekk føre seg over ei lengre periode. No har eg heldigvis ikkje sett dei på ei stund, seier 25-åringen. (©NPK)