Annonse

Granatliknande gjenstand i Stockholm var ufarleg

Ein granatliknande gjenstand funnen på eit T-banespor i Fittja sør i Stockholm, viste seg å vere ufarleg.

Bombegruppe til politiet reiste til staden fredag ettermiddag, og både T-banelina, sentrum av Fittja og området rundt blei sperra av.

Etter å ha kontrollert gjenstanden, kunne teknikarane konstatere at den var ufarleg, og sperringane blei heva.

Det var tilsette i sporvegen som varsla politiet i den svenske hovudstaden.

- Det var inga handgranat, seier talsperson Sven-Erik Olsson i politiet til Aftonbladet.

(©NPK)