Gråtande svenskar VM-fast på Arlanda

Eit hundretals svenskar vart ståande igjen på Arlanda flyplass etter at flyet som skulle ta dei til fotball-VM i Russland vart innstilt måndag.

- Folk står og græt, seier ein av dei rundt 120 skuffa svenskane på flyplassen til Aftonbladet.

Direkteflyet som skulle ta dei svenske supporterane til Nizjnij Novgorod for å sjå Sveriges første VM-kamp på 12 år, tok aldri av.

- Det er innstilt, men eg har ikkje fått noka forklaring på kvifor, seier pressetalsmann Adam Ekman i Swedavia.

- Men vi har ubekrefta opplysningar om at det kan dreie seg om problem med bemanninga, seier Ekman til TT.

- Vi er sjølvsagt kjempetriste, og vi har betalt 15.000 kroner for denne reisa tur-retur same dag. Det einaste som kan gjere oss glade no, er om Sverige vinn kampen, seier ein av dei stranda svenskane.

Reisa er kjøpt av turarrangøren Watch It Live og skulle inkludere fly tur-retur, champagnefrukost, kampbillett og tre retters middag med drikke på flyet heim, alt i løpet av 15 timar.

Arrangøren opplyser til avisa at reisa til dei uheldige svenskane vil bli erstatta

Sverige VM-opnar mot Sør-Korea klokka 14 måndag. Dei blågule har også Tyskland og Mexico i sin gruppe.

(©NPK)

Illustrasjonsfoto: Kyrre Lien / NTB scanpix