Annonse

Grenfell Tower-brannen starta i kjøleskap

Brannen i den kommunale bustadblokka som kosta minst 79 menneske livet i London, starta i eit kjøleskap, bekreftar britisk politi. 

Isolasjonsmaterialet og fasadeplatene som vart nytta då den 24 etasjar høge Grenfell Tower vart pussa opp i 2015, oppfylte ikkje krava til brannsikkerheit, opplyste politiet på ein pressekonferanse fredag.

Ifølgje Fiona McCormack i London-politiet blir det no vurdert å drapssikte fleire i forbindelse med dødsbrannen. Det er ikkje kjent kven som i så fall vil bli stilt til ansvar for brannen.

(©NPK)

Minst 79 menneske omkom i katastrofebrannen i Grenfell Tower i London 17. juni. Foto: AP / NTB scanpix