Annonse

Griezmann forlenger til 2023

Frankrikes stjernespiss Antoine Griezmann røpa sist veke at han har forlengt med Atlético Madrid. Måndag røpar klubben at spissen forlenger til 2023.

Annonse

Det er Atlético Madrid som måndag fortel at den franske angriparen har lagt to år på sin kontrakt.

Dermed strekkjer kontrakten seg fram til sommaren 2023.

Griezmann, som no spelar VM-fotball med det franske landslaget, sette 14. juni ein stoppar for spekulasjonane om at han skulle forlate Madrid-klubben. Barcelona stod klare til å betale utkjøpsklausulen på 100 millionar euro (snautt 950 millionar kroner), men franskmannen valde å bli verande.

Atlético Madrid fortalde også måndag kveld at dei har forlengt med Lukas Hernandez, som også han er med i den franske VM-troppen. Her går kontrakten fram til sommaren 2024.

Tidlegare har klubben sikra seg endå ein spelar frå det franske landslaget, Thomas Lemar frå Monaco. Her er ikkje lengda på kontrakten kjent.

(©NPK)

Antoine Griezmanns kontrakt med Atlético Madrid strekkjer seg fram til sommaren 2023. Foto: AP Photo/Hassan Ammar/NTB scanpix.