Annonse

Halvering av migrasjonen over Middelhavet

Talet på migrantar og flyktningar som har teke seg til Europa via Middelhavet, er så langt i år halvert samanlikna med same periode i fjor.

Det opplyste FNs organisasjon for migrasjon (IOM) på ein pressekonferanse i Genève tysdag.

Frå januar til midten av juni i år kom om lag 40.000 menneske sjøvegen til Europa, mot over 80.000 i same periode i fjor, ifølgje IOM.

Det blei samtidig registrert 857 dødsfall under overfarten, mot om lag 2.000 i same periode i fjor.

- Uansett er Middelhavet framleis ein farleg plass for irregulære migrantar, seier IOMs talsmann Joel Millman.

Oversikta til IOM viser også at tre gonger så mange menneske har teke seg over Middelhavet til Spania i år samanlikna med same periode i fjor. Mens det kom 4.161 i fjor, har talet auka til over 12.000 i år.

Også til Hellas har talet på tilkomstar auka frå nær 8.000 til cirka 12.350.

Samtidig har det kome langt færre menneske til Italia. I første halvdel av fjoråret kom over 68.200 flyktningar og migrantar sjøvegen til Italia. I år kom det berre 15.600.

Ifølgje IOM er drygt 7.200 migrantar og flyktningar ført tilbake til Libya av den libyske kystvakta.

Tal som EUs grensebyrå Frontex la fram måndag, viste samla sett 12.100 irregulære tilkomstar til EU i mai.

(©NPK)

Migrantar frå Pakistan et lunsj framfor jernbanestasjonen i Sarajevo. Dei håpar på ei moglegheit til å koma seg vidare til Kroatia og Vest-Europa. Foto: Amel Emric / AP / NTB scanpix