Hat-trick av Bakke da parahockeylaget tok 5.-plassen

Audun Bakke scora tre mål da parahockeylaget til Noreg tok 5.-plassen i Paralympics med 5-2-siger over Tsjekkia fredag.

Det norske laget starta turneringa med eit surt 2-3-tap for Italia etter straffeslag. Det øydela semifinale- og medaljedraumen, men etter to tap innleiingsvis blei det siger i dei tre siste.

Etter Sverige og Japan kom også Tsjekkia til kort.

Veteranen Rolf Einar Pedersen førte an da Noreg kopla grepet om kampen fredag. Spelaren frå Drammen sette sjølv inn 1-0 etter 44 sekunds spel.

Audun Bakke auka til 2-0 etter 3.39 og gav Noreg ein flygande start på kampen.

Tsjekkarane reduserte ved Zdenek Krupicka mot slutten av opningsperioden, men dei norske spelarane rei av stormen og tok pause med leiing.

Matchstraff

I midtperioden rauk ein tsjekkisk spelar på ein matchstraff og fem minutt utvising. Det enda med at Pedersen auka til 3-1 i overtalet på eit flott skot ute frå slottet.

Tsjekkarane avslutta midtperioden best, men Kjell Christian Hamar heldt målet rent til siste pause.

Pavel Kubes skapte ny spenning då han reduserte i eit tsjekkisk overtalsspelet tidleg i 3. periode, men Bakke skapte ro med 4-2-målet sitt.

To med tre målpoeng

Mot slutten sette 29-åringen også inn 5-2 i undertal da Pedersen sat utvist. Dermed fullførte han hat-trick.

Mens Bakke scora tre mål, hadde Pedersen to mål og ein assist i kampen.

Søndag spelar Canada finale mot USA, mens Italia og Sør-Korea gjer opp om bronsen laurdag.

(©NPK)

Norges parahockeylag vann sine tre siste kampar i Paralympics og enda på 5.-plass. Foto: Lee Jin-man, AP / NTB scanpix