Heftig debatt om fråværsgrensa i KrF

Forslaget om å endra den noverande fråværsgrense i vidaregåande skule møtte hard motstand under landsmøtet til KrF. 

Programkomiteen i KrF hadde innstilt på å endra den omstridde fråværsgrensa ein har i vidaregåande skule i dag og gjera det mindre rigid. Forslaget møtte derimot motstand frå fleire av delegatane, som slutta opp om eit forslag frå Nordland KrF om å la dei noverande fråværsreglane bli ståande.

- Dei fungerer jo. Fråværet har gått ned og elevane kjem på skulen, det er ikkje behov for å endra dei igjen, sa Ingelin Noresjø frå Nordland KrF.

Leiar av programkomiteen, Dagrun Eriksen, forsvarte endringsforslaget.

-Ja, sjølvsagt har reglane ført til meir oppmøte, men bekymringa er: Korleis har det slått ut for dei svakaste.

Fleire tilhengjarar av å endra fråværsreglane peikte på at strykprosenten har auka etter at fråværsgrensa blei innført, fordi fleire elevar gjev opp tidlegare i skuleåret viss fråværsgrensa er nådd.

Etter ein lang debatt vedtok eit fleirtal å gå inn for å endra dei noverande fråværsreglane, men landsmøtet var nesten delt på midten i saka med 89 mot 75 stemmer.

Eit fleirtal samla seg om denne formuleringa: «KrF mener dagens regelverk og fråværsgrense i vidaregåande skule må endres. Det må fortsatt være ein fråværsgrense, men regelverket må ikke være for rigid, spesielt med tanke på krav til legeerklæring ved kortvarig fravær. Det må være rom for at rektor kan bruke skjønn, ved f. eks i forbindelse med kjøreopplæring. KrF vil jobbe for bedre rutiner ved fravær slik at skulk fanges opp, og sårbare elever får oppfølging».

(©NPK)