Annonse

Hegerberg nominert til årets spelar i Europa

Ada Hegerberg er blant kandidatane til Uefa-prisen som årets fotballspelar. På herresida er Cristiano Ronaldo, Luka Modric og Mohamed Salah nominerte.

Det europeiske fotballforbundet (Uefa) offentleggjorde dei endelege nominasjonane måndag.

I tillegg til Hegerberg kan òg den danske spelaren Pernille Harder (Wolfsburg) og Amandine Henry (Lyon) frå Frankrike vinne prisen.

Hegerberg var ei enorm scoringsmaskin for Lyon sist sesong. Ho enda med totalt 53 mål for den franske klubben, der 15 av dei kom i meisterligaen. Tjuetreåringen var mellom anna blant målscorarane da Lyon vann Champions League-finalen mot Wolfsburg i mai.

Det var tredje året på rad at Hegerberg og co. gjekk heile vegen i den gjævaste europacupen.

Hegerberg vann Uefa-prisen som årets spelar i 2016. Prisen fekk ho overrekt saman med Cristiano Ronaldo, som vann den tilsvarande prisen på herresida. Den 30. august kan det bli ein reprise i Monaco.

Utdelinga skjer da i samband med trekninga til Champions League-gruppespelet for menn.

Ronaldo, som i sommar melde overgang til Juventus, er nominert saman med den tidlegare lagkameraten Luka Modric (Real Madrid) og Mohamed Salah (Liverpool).

(©NPK)

Ada Hegerberg kan igjen vinne Uefa-prisen som årets kvinnelege fotballspelar i Europa. Foto: Jan Kåre Ness / NTB scanpix