Hellas og Makedonia prøver å løyse namnestrid

Makedonia og Hellas vil gjere eit nytt forsøk på å løyse striden rundt bruken av namnet «Makedonia».

Representantar frå landa vil onsdag møte FN-utsendingen Matthew Nimetz i New York.

Nimetz har antyda at partane er innstilt på å finne ei kompromissløysing. Regjeringane i begge landa har sagt at ei løysing kan vere på plass i år.

Hellas har protestert mot namnet til nabolandet heilt sidan Makedonia lausreiv seg frå Jugoslavia i 1991. Grunnen er at Makedonia også er namnet på ein region nord i Hellas. Her ligg blant anna hamnebyen Tessaloniki.

I tillegg var Makedonia i antikken kongedømmet til Aleksander den store - ei kjelde til nasjonal stoltheit i Hellas. I dag hevdar greske styresmakter at valet av namn som nabolandet har gjort, signaliserer eit ønske om å overta område nord i Hellas.

På grunn av namnestriden er landet Makedonia også kjent som Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia - på engelsk forkorta til FYROM. Dette namnet blir brukt i FN og andre internasjonale organisasjonar.

Blant kompromissløysingane som er blitt foreslått, er at Makedonia skifter namn til «Nye Makedonia» eller «Nord-Makedonia».

(©NPK)

Makedonias visestatsminister Bujar Osmani besøkte Hellas i førre veke for å diskutere striden om bruken av namnet «Makedonia». Foto: AP/NTB scanpix