Helsesøstrer vil ha aldersgrense for alternativ behandling

Landsgruppa av helsesøstrer (NSF) er kritiske til alternative behandlingsformer retta mot små barn. Dei meiner Noreg bør vurdere aldersgrense, slik Sverige har.

Landsgruppa av helsesøstrer (NSF) er kritiske til alternative behandlingsformer retta mot små barn. Dei meiner Noreg bør vurdere aldersgrense, slik Sverige har.

Ifølgje Vårt Land, som har rekna på tal frå Nasjonalt forskingssenter innan komplementær og alternativ medisin (NAFKAM) frå november i fjor, fekk rundt 40.000 barn under 12 år alternativ behandling på eitt år. Landsgruppa av helsesøstrer (NSF) og Norsk barnelegeforening ønskjer køyrereglar for alternative behandlingsmetodar for barn i Noreg.

- Slik det er i dag har ikkje helsestyresmaktene tilsyn med alternativ behandlingspraksis. Det burde dei sjå nærmare på, seier leiar Ingebjørg Fagerli i Norsk barnelegeforening.

I Sverige er det forbode å undersøkje og behandle barn under åtte år med alternativ medisin.

- Både avgrensingar når det gjeld marknadsføring av tilbod til barn og aldersgrense for sjølve behandlinga er tiltak vi meiner burde vurderast. Det gjeld alle tilbod som ikkje kan påvise helsegevinst og som kan påføre unødige plager, seier leiar Kristin Sofie Waldum-Grevbo i Landsgruppen av helsesøstrer NSF.

Det finst lite eller inga forsking på moglege skadar ved bruk av alternativ behandling på barn. Ifølgje Sykepleien vil Forbrukarombodet i år granske påstandar om at alternativ behandling har effekt på alvorlege sjukdommar og lidingar. Dei skal også gjennomføre tilsyn og gå gjennom marknadsføringa av blant anna behandlingar og helsekostprodukt retta mot barn.

(©NPK)