Annonse

Hestar i vegen i Stavanger - kollisjon mellom bil og MC

Ein bil og ein motorsykkel har kollidert på Hinna i Stavanger. Lause hestar i vegen skal ha medverka til ulykka.

Klokka 06.12 tysdag morgon melde politiet i Rogaland om ei trafikkulykke mellom bil og motorsykkel på Hinna i Stavanger.

Ulykka skjedde like før klokka 6.00.

Minutt tidlegare tvitra politiet om lause hestar langs vegstrekninga Diagonalen, og ifølgje politiet har bilførar bekrefta at hestane var ein medverkande årsak til at han kolliderte med motorsykkelen.

- Det er snakk om fire-fem hestar, seier operasjonsleiar ved Rogaland politidistrikt Helene Strand til NTB. Ho opplyser at hestane høyrer til ein nærliggjande gard, og at hesteeigaren er på staden for å hente dei.

Det er uvisst om motorsykkelen stod i ro då ulykka skjedde.

Politiet opplyser at føraren av motorsykkelen er tatt med av ambulanse for sjekk. Skadeomfanget er ukjent.

(©NPK)

Illustrasjonsfoto: Jon Olav Nesvold / NTB scanpix