Annonse

Hirscher mistar verdscupopninga

Ankelbrotet til alpinstjerna Marcel Hirscher gjer at han tidlegast kan konkurrere igjen midt i november, sa legen hans fredag.

Austerrikaren har vunne verdscupen samanlagt seks gonger takka vere dominans i dei tekniske disiplinane. Brotskaden han pådrog seg under trening torsdag gjer at 28-åringen heilt sikkert mistar opningsrennet i storslalåm i Sölden 29. oktober, og slalåmrennet i Levi 12. november kjem også for tidleg.

Det sa legen hans Gerhard Oberthaler fredag.

- Brotet var pent, men han må rekne med at det går 12-15 veker før han kan konkurrere. Han må ikkje ta opp att skitreninga for tidleg. Etter seks veker i gips må han først sykle mykje for å trene opp styrken igjen, påpeikte legen.

Hirscher skadde seg då han fall under den første treningsdagen sin på snø torsdag. Han må altså gå med gips på venstrebeinet i seks veker, men brotet er slik at han slepp operasjon.

- Vi kunne ha operert han, men han valde sjølv å avstå frå det. Han ville ikkje at vi skulle operere inn ein skjene, sa Oberthaler, som la inn at Hirscher frykta at ein slik skjene ville føre til ubehag under køyring.

Skaden kjem uansett på eit dårleg tidspunkt eit halvt år før OL i Pyeongchang. Trass stor dominans i alpinløypene har Hirscher framleis til gode å vinne eit OL-gull.

(©NPK)

Ankelbrotet til Marcel Hirscher gjer at han mistar dei to første verdscuprenna denne sesongen. Foto: Giovanni Auletta, AP / NTB scanpix