Annonse

Historieprofessor Langeland får sparken - klage førte ikkje fram

Kunnskapsdepartementet held oppe vedtaket frå Universitet i Stavanger om å seie opp professor Nils Rune Langeland (53).

Kunnskapsdepartementet held oppe vedtaket frå Universitet i Stavanger om å seie opp professor Nils Rune Langeland (53).

I november i fjor fann tilsettingsutvalet til styret ved Universitetet i Stavanger (UiS) at det var grunnlag for avskjed av professoren etter fleire paragrafar i statstilsettelova. Vedtaket vart klaga inn for Kunnskapsdepartementet i desember, og departementet har no behandla saka. Dei konkluderte med å halde oppe vedtaket, melder Khrono.

- Vi tar avgjerda frå Kunnskapsdepartementet til etterretning. Dette betyr at Langeland ikkje lenger arbeider på UiS, seier UiS-rektor Marit Boyesen.

Vedtaket frå departementet kan ikkje klagast vidare.

Langelands advokat ønsker førebels ikkje å kommentere Kunnskapsdepartementets avgjerd.

- Vi fekk vedtaket i dag, og har ikkje fått sett skikkeleg på det. Derfor ønsker eg ikkje på noverande tidspunkt å kommentere saka, seier Langelands advokat, Kjell M. Brygfjeld, til NRK.

I fjor sa Brygfjeld til Stavanger Aftenblad at dei meinte avskjeden ikkje var i samsvar med lova.

- Lova stiller strenge krav i ei slik sak. Han må ha gjort seg skuldig i grove brot på tenesteplikta, og vi meiner at det ikkje har skjedd, sa Langelands advokat i desember, etter at klagen var levert.

Oppseiinga av historieprofessoren vart vedtatt mot éi stemme i tilsettingsutvalet til universitetet.

Nils Rune Langeland har vore tilsett ved Universitetet i Stavanger sidan 2008. Han vart orientert i byrjinga av oktober i fjor om at universitetet ønskte å seie han opp. Medieomtalen i fjor av grove meldingar frå professoren til ulike kvinner, utgjorde berre ein del av avskjedssaka.

(©NPK)