Historisk NATO-vedtak i Montenegro 

Nasjonalforsamlinga i Montenegro har vedteke at landet skal bli medlem av Nato, trass kraftig motstand frå Russland og den russiskvennlege opposisjonen.

Dei folkevalde sa fredag ja til NATO-medlemskap under eit møte i den vesle byen Cetinje sør i landet, som er den gamle hovudstaden i landet. Alle dei 46 representantane som var til stades, røysta for traktaten med Nato. Avgjera blir karakterisert som ei historisk dreiing mot vest i det vesle Balkan-landet.

Nasjonalforsamlinga har i alt 81 plassar, men representantane til opposisjonen boikotta avstemminga.

Montenegro er venta å bli offisielt medlem av forsvarsalliansen i slutten av mai, i samband med NATO-toppmøtet i Brussel.

Protest

Fleire hundre demonstrantar hadde samla seg framfor bygningen då parlamentarikarane kom. Dei måtte tola at folkemassen kalla dei både «forrædarar» og «tjuvar». Demonstrantane høyrer til den delen av befolkninga som ønskjer eit tett samarbeid med Russland og Serbia, i staden for Vest-Europa.

«Nato-mordarar, de har blodige hender!» stod det på ein av plakatane. Det blei også sett fyr på eit NATO-flagg før demonstrasjonen løyste seg opp utan at det kom til samanstøytar.

Regjeringa i Montenegro meiner på si side at NATO-medlemskap vil bidra til både stabilitet, tryggleik og økonomisk vekst.

- Denne dagen vil bli hugsa som ein av dei beste i historia vår, sa statsminister Dusko Markovic då han talte til nasjonalforsamlinga.

Strategisk viktig

Forsvaret til Montenegro har berre 2.000 soldatar, men når landet blir medlem av Nato, vil forsvarsalliansen få full kontroll over Adriaterhavet. Dei andre landa ved Adriaterhavet, Albania, Kroatia og Italia, er allereie medlemmer.

Landet er politisk splitta mellom ein fløy som ønskjer ei vestleg tilnærming og ein fløy med ortodokse kristne som ønskjer eit nært forhold til Serbia og Russland.

Montenegro blei sjølvstendig i 2006 etter å ha vore i ein føderasjon med Serbia. Før krigane på Balkan på 1990-talet var Montenegro ein del av det tidlegare Jugoslavia.

(©NPK)