Annonse

Høgmo vil nytte heile byttekvoten onsdag

(NPK-NTB): Per-Mathias Høgmo kjem til å nytte alle byta han har tilgjengeleg i treningskampen mot Kviterussland onsdag.

Det opplyste han på NTBs spørsmål framfor eit samla pressekorps på ein pressekonferanse tysdag.

Landslaget spelar mot Kviterussland onsdag, før alvoret brakar laus med VM-kvalifiseringskamp mot Tyskland sundag. Difor ønskjer Høgmo å sjå flest mogleg spelarar før han avgjør kva for elleve som får tillit mot den tyske stormakta.

– Vi kan bruke seks byte, og det kjem vi truleg til å gjere. Både fordi vi vil sjå spelarar, men òg med tanke på belastinga, sa han til NTB.

Han sa òg at kampen mot Tyskland blir hans største sportslege utfordring som landslagssjef og grunngav det at ein blir utfordra i alle fasar av spelet gjennom 90 minutt.

Vegard Forren måtte tysdag melde forfall til kampane som følgje av ein ankelskade. Per Ciljan Skjelbred og Håvard Nordtveit slit òg med småsmellar, men Høgmo opplyste på pressekonferansen at dei to sistnemnde no er OK.

Dermed er det knytt stor spenning til kven som får tillit på midtstopparplass.

– Strandberg er høgaktuell. Rogne er òg kommen inn og begge dei to høyrer til U21-generasjonen frå Israel, sa han og viste til EM-bronsen til U21-landslaget i 2013 som Rogne og Strandberg var ein sentral del av. (©NPK)