Annonse

Høgre stoppar heroinrøyking i sprøyterom

Høgre går imot sitt eige landsmøtevedtak når dei ikkje lar rusavhengige røykje heroin i sprøyterom, meiner Arbeidarparti-politikar.

Annonse

Arbeidarpartiet og Venstre la fram eit forslag om å opne for at rusavhengige skal få lov til å røykje heroin og ta andre rusmiddel enn heroin på sprøyterom. Forslaget blei stemt ned av Høgre i eit møte i helse- og omsorgskomiteen tysdag, skriv NRK.

Ruth Grung (Ap), medlem i helse- og omsorgskomiteen, er skuffa over Høgre. Ho påpeiker at dei gjekk til val på å vere meir handlekraftige og kunnskapsbaserte. I Høgres nyaste partiprogram skriv partiet også at dei vil leggje til grunn ei fagleg vurdering av om andre metodar enn injisering av heroin bør tillatast på sprøyterom.

- Eg forstår dei ikkje. At dei ikkje klarer å snu seg når det er ei moglegheit no, seier Grung til NRK.

Høgre avfeiar kritikken, og seier at det ikkje er slik at alle programformuleringar automatisk vert sett i verk i Stortinget.

- Mange av forslaga som vert fremja treng ei grundigare utgreiing og eit kunnskapsgrunnlag bak før ein fremjar konkrete forslag om det, seier Tone Wilhelmsen Trøen, Høgre-medlem i helsekomiteen.

289 personar døydde av overdose i 2015, det høgste talet sidan 2004, viser tal frå Folkehelseinstituttet. Dei siste åra har snittet lege på 263 dødsfall i året. Målet til regjeringa er ein nedgang kvart år. Målet er ikkje nådd.

(©NPK)