Annonse

Høgre vil ha rettar i arbeidslivet inn i skulen

(NPK-NTB): Stefan Heggelund (H) meiner at ungdom må læra meir om kva rettar og plikter dei har i arbeidslivet. LO er heilt einig.

– Kunnskap om arbeidslivet må inn som ein del av samfunnsfag i første klasse på vidaregåande skule, seier arbeidspolitisk talsperson i Høgre, Stefan Heggelund, til NRK etter ein runde med LOs sommarpatrulje.

Ein ungdom skal ha spurt politikaren kvifor dei ikkje lærer om arbeidsrettar på skulen, og no vil han endra læreplanen.

Heggelund meiner at ungdom bør læra om arbeidstid, pausar, arbeidskontrakt, sjølvmelding og lønsslippar.

Leiar i LO, Gerd Kristiansen, seier til NRK at det er eit klokt forslag.

– Eg må seia at eg jublar over det Stefan Heggelund kjem med her. Viss det er noko vi ser manglar, så er det kunnskap om korleis samfunnet, som arbeidslivet er ein del av, fungerer, seier Kristiansen. (©NPK)