Annonse

Høgsterett lèt Trump delvis innføre omstridt innreiseforbod 

USAs Høgsterett har gitt president Donald Trump delvis medhald i å stengje USAs grenser for personar frå seks muslimske land i 90 dagar.

Annonse

I tillegg får Trump-administrasjonen lov til å stoppe USAs flyktningprogram i 120 dagar, men med eitt bestemt unntak: Det vil ikkje gjelde personar som har ei truverdig tilknyting til personar eller instansar i USA.

Høgsterett skal ta endeleg stilling til det omstridde reiseforbodet når dei kjem saman igjen etter sommarferien i oktober, men har mellombels oppheva avgjerdene i lågare rettsinstansar som har hindra innreiseforbodet i å tre i kraft.

Trump sende i mars ut ein presidentordre om innreiseforbod for personar frå Iran, Libya, Somalia, Sudan, Syria og Jemen. Avgjerda til domstolane måndag kan sjåast på som ein siger for Trump i den største rettslege kontroversen så langt i den korte presidentperioden hans.

Ein føderal dommar sette tidlegare i år presidentordren til side, og ein ankedomstol i Virginia bestemte 25. mai at innreiseforbodet inntil vidare ikkje kunne setjast i verk. Trump-administrasjonen anka deretter saka inn for Høgsterett.

I førre veke uttalte Trump at innreiseforbodet ville tre i kraft 72 timar etter at det eventuelt blei godkjend av domstolane.

Administrasjonen hevdar forbodet er naudsynt for å gjennomføre ein intern gjennomgang av prosedyrane for korleis dei sikkerheitssjekkar folk som søkjer visum til USA frå dei seks aktuelle landa.

(©NPK)

Amerikansk Høgsterett skal nå ta stilling til president Donald Trumps omstridde innreiseforbod for personar frå seks muslimske land, eit forbod domstolane i USA inntil vidare har sett ein stoppar for. Foto: AP / NTB scanpix.