Annonse

Høie ser på løysingar for å dekke inn sjukepleiarmangel

I 2030 vil det mangle 15.000 sjukepleiarar, viser framskrivingar av situasjonen. Statsråd Bent Høie (H) ønsker innspel og lanserer fleire moglege løysingar.

I 2030 vil det mangle 15.000 sjukepleiarar, viser framskrivingar av situasjonen. Statsråd Bent Høie (H) ønsker innspel og lanserer fleire moglege løysingar.

Framskrivingane av situasjonen i helsevesenet er utført av Helse vest, skriv Aftenposten. I vinter viste ein rapport som Samfunnsøkonomisk analyse hadde gjort på oppdrag frå Helsedirektoratet, at Noreg vil trenge mellom 167.000 og 224.000 sjukepleiarar i 2040, skreiv Avisenes Nyhetsbyrå (ANB).

Høie samlar onsdag brukarorganisasjonane til eit såkalla kickoff-møte i arbeidet med ein ny, nasjonal helse- og sjukehusplan. På dette møtet vil statsråden gi ei beskriving av utfordringa med sjukepleiarmangel i åra som kjem, skriv Aftenposten. Høie ønsker innspel og kjem også med nokre forslag til løysingar.

- Dersom alle sjukepleiarar jobbar 90 prosent av full stilling i staden for 69 prosent som i dag, dersom vi får halvert straumen av sjukepleiarar som går over i andre bransjar, og dersom vi klarer å auke den gjennomsnittlege pensjonsalderen frå 64 til 67 år, så vil behovet vere dekt, seier Høgre-statsråden.

- Vi må få fram ein heiltidskultur, vi må gjere det attraktivt å jobbe i helsevesenet og vi må få folk til å stå lenger i jobb, seier Høie.

(©NPK)

Helse- og omsorgsminister Bent Høie ønsker ein heiltidskultur i helsevesenet for å hindre stor mangel på sjukepleiarar i åra som kjem. Foto: Rune Stoltz Bertinussen / NTB scanpix