Annonse

Holst Enger i asfalten då Jakobsen vann i Grimstad

Nederlandske Fabio Jakobsen spurta inn til siger i Grimstad på den første etappen av Tour dess Fjords 2018. Sondre Holst Enger velta stygt like før mål.

- Det var ein veldig bra dag for meg. Fint vêr var det også. Det er vakre vegar her i Noreg. Eg tenkte at eg kunne ha ein sjanse i finalen, og eg lykkast. Det er ei utruleg bra kjensle, sa Jakobsen til TV 2 etter målgang.

- Det blei hektisk på slutten, mykje kjemping om posisjonar. Men eg gjekk for det på dei 200 siste meterane. Det gjekk bra, så i kveld kan eg ta eit glas champagne for å feire. I morgon kjem ein ny sjanse, la 21-åringen til.

Tour dess Fjords held fram onsdag. Då går etappen frå Risør til Kristiansand. Rittet blir avslutta med ein etappe frå Farsund til Egersund torsdag.

Treft bakfrå

I finalen i Grimstad velta ein gruppe ryttarar og deisa i asfalten. Blant dei var 24 år gamle Sondre Holst Enger. Han kom seg til mål, men hadde mange skrubbsår. Etterpå fekk han behandling av ambulansemedarbeidarar i målområdet.

- Vegen i Grimstad smakte ikkje så godt i dag. Eg blei sperra av ein Giant-ryttar i spurten. Eg blei treft bakfrå, trur eg, sa han.

- Det er ingen brotskadar, det svir berre. Men eg trur ikkje eg får sove så godt dei neste nettene, la han til.

Sky-ryttar Kristoffer Halvorsen gjekk også ned i same velt. Ifølgje TV 2 klarte Halvorsen seg utan alvorlege skader.

- Lang spurt

Hovudfeltet køyrde inn ei gruppe på fem utbrytarar 8,5 kilometer før mål. Dermed enda etappen med ein massespurt. Der viste Quick-Step-ryttar Jakobsen seg sterkast. Landsmannen Moreno Hofland blei andremann. Timo Roosen, også han frå Nederland, blei nummer tre.

Amund Grøndahl Jansen blei beste nordmann på fjerdeplass. Edvald Boasson Hagen låg i god posisjon til å kjempe om sigeren i spurten, men rudsbygdingen måtte nøye seg med femteplass.

- Det blei ein veldig lang spurt. Eg var litt for langt bak inn. Da blei det vanskeleg, sjølv om laget gjorde ein god jobb. Uansett var det bra å vere i front og ikkje gå i velten, sa Boasson Hagen til TV 2.

(©NPK)

Sondre Holst Enger (midten) fekk eit ublidt møte med asfalten tysdag. Her frå Tour of Norway nyleg.
Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix

Dimension Data-ryttar Edvald Boasson Hagen er i aksjon under årets Tour dess Fjords. Her frå Tour of Norway.
Foto: Geir Olsen / NTB scanpix