Annonse

Human Rights Watch blir nekta visum til Israel

Israelske styresmakter nektar Human Rights Watchs Israel- og Palestina-direktørar arbeidsløyve.

Annonse

I si grunngjeving for å avvise Palestina-direktør Omar Shakirs arbeidsløyve seier innanriksdepartementet at Human Rights Watch ikkje er ein ekte menneskerettsorganisasjon.

Departementet viser til ei erklæring frå utanriksdepartementet som seier at Human Rights Watch driv med palestinsk propaganda under påskot av å arbeide for menneskerettane.

Human Rights Watch kallar avgjerda ei illevarslande utvikling etter at organisasjonen i 30 år utan hindringar har hatt full tilgang til Israel og den okkuperte Vestbreidda. Gaza har HRW derimot ikkje hatt tilgang til sidan 2010, med unntak av eitt enkelt besøk i 2016.

HRW seier at avgjerda er spesielt overraskande sidan dei jamleg møter israelske styresmakter, blant andre dei militære, politiet og utanriksdepartementet.

- Avgjerda bør bekymre alle som er opptatt av Israels haldning til grunnleggjande demokratiske verdiar. Det er skuffande at dei ikkje skil mellom ærleg kritikk og fiendtleg politisk propaganda, seier Iain Levine i HRW.

(©NPK)