Annonse

Hunder forstår menneskes ord og tonefall

(NPK-NTB-AFP): Hunder oppfattar ord og tonefall på same måte som menneske, viser forsking.

Hjernane til hundane er i stand til å tolke både det vi seier og korleis vi seier det. Til liks med menneske, bruker hundane sin venstre hjernehalvdel til å tolke ord, og område i den høyre hjernehalvdelen til å analysere tonefall, viser forsking som er gjennomført ved Eotvos Lorand-universitetet i Budapest.

Observasjonane som forskarane no har slått fast, indikerer at mekanismane for å behandle ord utvikla seg langt tidlegare enn først antatt, og at dette ikkje er unikt for menneskehjernen. I omgivnad der mange menneske snakkar, som i familieheim, kan dyr som naturleg nok ikkje kan snakke, likevel lære seg å forstå tydinga av ord, viser forskinga.

– Menneskets hjerne skil ikkje berre kva vi seier og korleis vi seier ting, men den integrerer òg begge typar informasjon for å danne ei felles tyding, seier forskingsassistent Attila Andics.

– Våre funn indikerer at hundar òg kan gjere alt dette, og dei bruker svært like hjernemekanismar, seier Andics.

Forskingsresultatet er publisert i måndagsutgåva av tidsskriftet Science. (©NPK)