Annonse

Hundrevis av sivile ramma av IS-miner i syrisk by

(NPK-NTB-AP): Hundrevis av sivile er såra og drepne av miner som IS la igjen etter seg da dei drog frå byen Manbij nord i Syria, ifølgje Human Rights Watch (HRW).

Mange sivile har vendt tilbake til byen etter at jihadistgruppa vart driven bort i august. Dei har fortalt at dei har funne eksplosiv plasserte i portar og vindauge, under madrassar og haugar med sko, i kjøleskap, vesker med klede og tv-apparat.

Mange av offera for dei heimelaga bombefellene har vore barn, skriv HRW i ein rapport etter ei fem dagar lang undersøking.

– Isis la miner i så å seie alt, deriblant bokstaveleg talt i kjøkkenvasken, seier Ole Solvang, som arbeider for å kartleggje brot på menneskerettane under krigen i Syria. Isis er ein anna forkorting for Den islamske staten (IS).

Ifølgje Solvang kjem talet på offer truleg til å stige etter kvart som innbyggjarane kjem tilbake til Manbij.

IS lét òg etter seg hundrevis av miner da dei reiste frå dei irakiske byane Fallujah og Ramadi og den kurdisk-syriske byen Kobani. (©NPK)