Hundrevis av skadar etter uvêret i helga

Skadar på hus, hytter, bilar og båtar er blant dei hundrevis av meldingane forsikringsselskapa har fått etter uvêret som ramma Sør- og Austlandet i helga.

Uvêret skapte ei rekkje utfordringar på Sør- og Austlandet, mellom anna tre som blei blåst over ende, innstilt kollektivtrafikk og stillas som kollapsa.

Så langt har forsikringsselskapa fått melding om fleire hundre materielle skadar etter den kraftige vinden. Folk melder inn om skadar på hus, hytter, næringsbygg og landbrukseigedom, i tillegg til ei rekkje bil- og båtskadar.

- Dei aller fleste skademeldingane gjeld småskadar, men også enkelte større skadar er melde inn. Nokre stader har også heile låvetak blitt rivne av. Denne gongen var det fleire svært folketette område som blei ramma av vinden. Derfor blei det ein del skadar etter dette uvêret også, opplyser kommunikasjonssjef Stine Neverdal i Finans Noreg, som meiner det er for tidleg å seia noko om kor store summar det totalt er snakk om.

(©NPK)

Mange stader bles tre over ende fredag. Her eit tilfelle frå Bogerudveien i Oslo.
Foto: Ivar Anders Iversen / NTB scanpix

Kraftig vind tok tak i stillaset i Tollboden i Oslo.
Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix