- Hurtiglading av elbilar dyrare enn å fylle diesel

Elbilforeningen reagerer kraftig på at prisen for hurtiglading går opp med 60 prosent ved 35 ladestasjonar i Hedmark, Vest-Agder og Rogaland.

Tidlegare har det kosta 2,50 kroner per minutt for hurtiglading, men no er prisen sett opp til 4 kroner per minutt, melder NRK.

Prisauken kjem på 35 ladestasjonar på riksveg 3 mellom Rena og Kvikne i Hedmark og på E39 mellom Mandal i Vest-Agder og Ålgård i Rogaland. Årsaka til auken er lite bruk.

- Vi taper pengar når nokon hurtigladar der. Vi jobbar for ein overgang til utsleppsfri trafikk, men vi kan ikkje tape pengar. Derfor aukar vi prisane, seier kommunikasjonssjef Stian Mathisen i Fortum Charge and Drevet til NRK.

Årsaka til at Fortum taper pengar er den såkalla effekttariffen. Hurtiglading krev høg effekt, og tariffen er innretta slik at dette også gir høg avgift til nettselskapet.

Avgifta er like høg uavhengig av om ladaren blir brukt 25 gonger på ein dag eller fem gonger på ein månad.

Elbilforeningen meiner tariffane må endrast slik at hurtigladestasjonar som ikkje blir brukt så ofte i starten, ikkje går i minus på grunn av høge faste kostnadar.

Kommunikasjonsleiar i Norsk Elbilforening Petter Haugneland seier at med ein prisauke på 60 prosent, så blir det dyrare å lade elbilen enn å fylle bensin eller diesel ein del stadar.

(©NPK)

Elbilforeningen reagerer sterkt på prisauken for hurtiglading. Foto: Fredrik Varfjell / NTB scanpix