Hydro-slakt på negativ børs

Hovudindeksen på Oslo Børs gjekk så vidt i raudt, etter ein nedgang på 0,15 prosent til 697,66 poeng, fredag. Norsk Hydro slapp derimot ikkje så lett unna.

Det tradisjonsrike industrikonsernet blei den store taparen fredag, og starta fallet frå opning fredag formiddag. Aksjen var ned 5 prosent då handelen stengde for veka. Fredagsfallet følgjer ei svekking på drygt 3 prosent torsdag og medverka til at aksjekursen no ligg på det lågaste nivået sitt på ein månad.

Fallet overraskar noko, i og med at Hydro leverte eit kvartalsresultat fredag som tilfredsstilte forventningane og som er 400 millionar kroner betre på drifta samanlikna med første kvartal i fjor. Rett nok ventar selskapet høgare råvareprisar framover, men etterspørselen etter aluminium er venta å stiga endå meir, ifølgje Nordnets investeringsøkonom Tom Hauglund, som uttalar seg til E24.

Hydro var også det desidert mest omsette selskapet fredag, følgt av DNB (-0,8), Marine Harvest (+1,1), Statoil (+0,8) og Telenor (-1,9).

Oljeselskapet Aker BPB er blant vinnarane fredag. Selskapet legg på seg 2,5 prosent etter å ha lagt fram eit godt kvartalsresultat og snakka opp moglegheitene for store oljeførekomstar i Barentshavet.

Oljeprisane held seg stabilt rundt 50 dollar. Nordsjøolja gjekk i 19-tida fredag for 52 dollar fatet på spotmarknaden, noko opp frå torsdag ettermiddag, mens eit fat amerikansk lettolje gjekk for 49,2 dollar.

I London heldt FTSE 100-indeksen fram nedover og enda dagen ned 0,5 prosent. I Frankfurt og Paris gjekk DAX 30- og CAC 40-indeksane begge ned 0,1 prosent.

(©NPK)