Annonse

Éin palestinar drepen og fleire såra av israelske soldatar

Ein palestinsk 25-åring er skoten og drepen og minst tre andre vart såra då israelske soldatar opna eld mot uvæpna demonstrantar på Gazastripa fredag.

Israelske soldatar har dei siste tre fredagane opna eld mot titusenvis av palestinarar som har demonstrert inne på Gazastripa, og det same skjedde fredag.

Palestinske helsemyndigheiter opplyser at 25-åringen Ahmad Aqel vart drepen aust for Jabalya og at minst tre andre er såra. Den israelske hæren har ikkje kommentert opplysningane.

29 palestinarar er dei siste fredagane drepne og fleire tusen er såra, rundt halvparten av dei etter å ha blitt trefte av skot, noko Israel har fått massiv internasjonal kritikk for.

FN, EU og menneskerettsorganisasjonar har kravd uavhengig gransking, noko israelske leiarar har avvist.

Israels forsvarsminister Avigdor Lieberman har i staden tatt til orde for å gi soldatane medalje, og statsminister Benjamin Netanyahu har også rost dei offentleg.

Skyt med skarpt

Demonstrasjonane blir arrangerte av ein komité der alle dei palestinske gruppene på Gazastripa deltar, også president Mahmoud Abbas' Fatah-parti. Planen er at dei skal fortsette kvar fredag fram til 14. mai, då det er 70 år sidan staten Israel vart proklamert.

Demonstrantane har sett opp fem teltleirar nær det strengt vakta grensegjerdet.

Israel har oppretta ei fleire hundre meter brei såkalla sikkerheitssone på palestinsk side av grensa og truar med å skyte med skarpt mot alle som bevegar seg inn i denne.

Fredag morgon vart det sleppt flygeblad over området, der palestinarar vart bedne om å halde seg unna.

Flytta telt

Torsdag vart fem telt flytta nærmare og sett opp rundt 300 meter frå grensa, og gravemaskiner laga deretter sandvollar rundt dei for å beskytte dei mot israelske kuler og tåregassgranatar.

Demonstrantane set også fyr på bildekk for å røykleggje området langs grensa og dermed gjere det vanskelegare for dei israelske soldatane å sikte og treffe nokon.

Ifølgje israelske medium har palestinske aktivistar dei siste dagane også sendt brennande drager over grensegjerdet i forsøk på å sette fyr på kornåkrar i Israel, og fleire slike brannar er starta dei siste dagane, ifølgje Times of Israel.

(©NPK)

Titusenvis av palestinarar har dei siste fredagane delteke i massedemonstrasjonar mot Israel på Gazastripa. Fleire teltleirar er oppretta nær grensegjerdet. Foto: AP / NTB scanpix

Israelske soldatar har dei tre siste fredagane skote med skarpt mot uvæpna palestinske demonstrantar inne på Gazastripa. Nærmare 30 palestinarar er drepne og fleire tusen er såra. Foto: AP / NTB scanpix

Den palestinske TV-fotografen Yaser Murtaja vart skoten og drepen av israelske soldatar då han dekte ein demonstrasjon inne på Gazastripa 6. april. Foto: AP / NTB scanpix