Annonse

Indisk domstol opnar muslimsk heilagdom for kvinner

(NPK-NTB-DPA): Ein indisk domstol oppheva fredag eit forbod mot å sleppe kvinner inn i den aller heilagaste delen av Haji Ali-moskeen i Mumbai.

Annonse

Domstolen i Mumbai slo fast at forbodet var diskriminerande og eit brot på dei grunnleggjande rettane som er nedfelt i den indiske grunnlova, opplyser Raju Moray, advokat for ein organisasjon for muslimske kvinner i India.

Forbodet vart innført i 2012, då leiinga i moskeen sa at det ville vere ei «stor synd» om kvinner fekk lov til å nærme seg Haji Alis grav, som ligg i den indre delen av moskeen.

Moskeleiinga vil no føre saka til høgsterett i landet.

Kvinnegrupper over heile India kjempar no for å få tilgang til heilage stader. Tidlegare i år vart hindu-kvinner tilkjent inngang til Shani Shignapur-tempelet i delstaten Maharashtra, der Mumbai ligg.

Indisk høgsterett vurderer også eit krav om at kvinner skal få kome inn i Sabarimala Ayyappa-tempelet sør i India. (©NPK)