Annonse

Indisk moske opphevar kvinneforbod

(NPK-NTB-AFP): Kvinner skal igjen få moglegheita til å besøkje mausoleet i moskeen Haji Ali i Mumbai, opplyser stiftinga som står for drifta av heilagdomen.

Stiftinga har sidan 2011 utestengt kvinner frå det aller heilagaste i moskeen, mausoleet som huser ein Sufi-helgen. Grunngjevinga har vore at det å tillate kvinner nær gravkammeret er ei «alvorleg synd» i islam.

Domstolen i Mumbai sa i august at forbodet var diskriminerande og i strid med grunnleggjande rettar i den indiske grunnlova. Stiftinga anka dommen til høgsterett i landet.

Måndag opplyste stiftelsen at dei er villige til føye seg etter dommen frå august, men at dei treng fire veker for å få i stand avskilte inngangar til heilagdomen.

– Dette er ein siger for rettane til kvinner, seier Noorjehan Niaz, som er ein av grunnleggjarane av ei gruppe som jobbar for muslimske kvinnerettar i India. (©NPK)