Annonse

Inga semje etter OSSEs ministermøte

(NPK-NTB-DPA): OSSEs ministermøte i Hamburg blei avslutta fredag utan at ministrane kom til semje om ei fråsegn om sentrale problemstillingar i verda.

Annonse

Utanriksministrane vedtok å ikkje komme med ei endeleg fråsegn om møtet, ettersom usemja mellom landa var for stor til å samlast om ei formulering.

I det Tyskland avsluttar sitt presidentskap i Organisasjonen for sikkerheit og samarbeid i Europa (OSSE), var utanriksministeren i landet Frank-Walter Steinmeier vertskap for sine kollegaer frå 57 land inklusive Russland og USA for eit møte der situasjonen i Ukraina og Syria stod på programmet.

I staden kom Steinmeier med ein eigen konklusjon, der han uttaler at «ministrane sterkt beklagar brota på internasjonal lov, felles verdiar og forpliktingar i relasjonane mellom OSSE-medlemmene».

Ifølgje fleire av deltakarane på møtet var det særleg usemje mellom Ukraina og Russland i samband med konflikten i Aust-Ukraina som stakk kjeppar i hjula for ei felles fråsegn.

Steinmeier meiner organisasjonen bør bli meir handlekraftig, og peikte ut fleire problemområde, som terrorisme, nettkriminalitet og at land bryt etablerte alliansar for å handle aleine. (©NPK)