Ingen EU-land vil førebels ta imot redningsskip med 141 menneske

Både Italia og Malta har nekta redningsskipet Aquarius, som har 141 menneske om bord, å leggja til kai. Italia har kasta ballen vidare til Storbritannia.

- Båten er no i maltesisk farvatn og seglar under flagg frå Gibraltar. No bør Storbritannia ta ansvar for å verna dei som har forlist, skriv Italias transportminister Danilo Toninelli på Twitter måndag.

Gibraltar er ein britisk kronkoloni.

Skipet Aquarius blir brukt av hjelpeorganisasjonane SOS Mediterranee og Leger Uten Grenser (MSF). Fredag plukka det opp 141 personar utanfor kysten av Libya. Ifølgje dei to organisasjonane kjem 70 prosent av dei frå Somalia og Eritrea, og mange av dei er «ekstremt svekte og underernært».

- Ta ansvar

Leiaren for SOS Mediterranee, Sophie Beau, opplyste måndag at skipet er mellom Malta og den italienske øya Lampedusa. På spørsmål om å få leggja til kai, har skipet på nytt fått offisielt nei både frå Italia og Malta.

- Vi spør alle europeiske land om å finna ei løysing. Vi ber dei ta ansvar og finna ei trygg hamn ved Middelhavet, seier Beau, som også skuldar Italia og Malta for å bryta havretten.

Ei talskvinne for EU-kommisjonen, Tove Ernst, seier at kommisjonen er i kontakt med ei rekkje medlemsland i eit forsøk på å få ei rask løysing på konflikten.

Stengde hamnar

Sidan Italias nye høgreorienterte og populistiske regjering blei innsett 1. juni, har regjeringa stengt hamnene i landet for redningsskip som blir drivne av frivillige organisasjonar. Den italienske regjeringa har også bede om at alle migrantar og flyktningar som blir redda i Middelhavet, blir sende tilbake til Libya eller til andre EU-land.

Ifølgje dei to hjelpeorganisasjonane har migrantane fortalt at før Aquarius kom dei til unnsetning, støtte dei på fem ulike skip som alle unnlét å tilby hjelp. Dei har også fortalt at dei levde under forferdelege forhold i Libya før dei sette kursen mot Europa.

(©NPK)

Menneske som er redda om bord på eit skip som blir drifta av hjelpeorganisasjonen Open Arms. Biletet blei teke fredag 3. august etter at organisasjonen redda 87 menneske i ein dramatisk operasjon utanfor kysten av Libya natta før. Foto: Valerio Nicolosi / AP / NTB scanpix