Annonse

«Intet straffebart forhold bevist» då mann døydde i arresten

Spesialeininga har lagt bort saka som «intet straffbart forhold bevist» etter at ein mann som var sett i fyllearresten i Sørvest politidistrikt, døydde.

Ifølgje rapporten til Spesialeininga for politisaker var han ikkje vurdert som så rusa at han var ute av stand til å gjere greie for seg, eller hadde behov for legetilsyn. Etter kort tid blei mannen likevel funnen livlaus på cella.

Prøver viste i ettertid at han hadde ein svært høg alkoholkonsentrasjon.

Det er spesialeininga som har etterforska hendinga. Saka er lagt bort som eit ikkje straffbart forhold bevist mot politimennene som passa på mannen.

Mannen blei sett i drukkenskapsarrest etter å verka rusa på rusande eller bedøvande middel. Han skal ha vore «noe aggressiv», skriv spesialeininga i konklusjonen.

Det blei sett i gang livreddande tiltak då han blei funnen på cella, mannen blei frakta til sjukehus, der han blei erklært død nokre dagar seinare.

(©NPK)

Illustrasjonsfoto.
Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix