IOC avviser at Bjørndalen kan få friplass i OL

Den internasjonale olympiske komiteen (IOC) nektar for at Ole Einar Bjørndalen kan spesialinviterast til vinter-OL i Pyeongchang.

Den internasjonale olympiske komiteen (IOC) nektar for at Ole Einar Bjørndalen kan spesialinviterast til vinter-OL i Pyeongchang.

Tysdag kveld hevda NRK å kjenne til at IOC-leiinga vurderte å gjere eit sjeldan vedtak for å få den store vinterolympiaren med i årets leikar. Dette tilbakeviser IOC no overfor Dagbladet.

- Vi deler ikkje ut wildcard i vinter-OL, skriv komiteen i ein e-post til avisa.

Skiskyttarlegenda Bjørndalen vart ikkje innstilt til OL av sitt eige forbund. I staden stiller det norske herrelaget med Lars Helge Birkeland, Erlend Bjøntegaard, Johannes Thingnes Bø, Tarjei Bø, Henrik L'Abée-Lund og Emil Hegle Svendsen.

Bjørndalen er regjerande OL-meister på sprintdistansen, men det gullet får han altså ikkje moglegheita til å forsvare i februar. I alt har 43-åringen tatt åtte gull-, fire sølv- og éin bronsemedalje på sine seks OL-deltakingar.

(©NPK)

Skiskyttarlegenda Ole Einar Bjørndalen blir ikkje å sjå i OL-løypene i Sør-Korea.
Foto: Berit Roald / NTB scanpix