Annonse

Irak krev at kurdarane oppgir kontroll over flyplassane innan tre dagar

Statsministeren i Irak krev at kurdarane nord i landet gir frå seg kontrollen over flyplassane i regionen innan fredag. Om ikkje, blir det innført flyforbod. 

Statsminister Haider al-Abadi varsla ultimatumet tysdag, dagen etter at det blei halde folkerøysting om regionen Kurdistan i Nord-Irak skal erklære seg som eit uavhengig land.

Folkerøystinga er blitt kraftig kritisert både av sentralmyndigheitene i Bagdad og fleire naboland som sjølv har store kurdiske minoritetar i område som grenser til irakiske Kurdistan.

Ifølgje al-Abadi vil flyforbodet ikkje gjelde humanitære og andre svært viktige flygingar.

Kurdarane i Nord-Irak har sin eiga regional regjering, eige parlament, væpna styrkar og flyplassar i dei tre nordlegaste provinsane i Irak. Regionen har fungert som eit sjølvstyrt område med eigne lover i over ti år. Dei siste åra har kurdiske Peshmerga-styrkar også inntatt omstridde område utanfor dei tre provinsane i samband med krigen mot IS.

Folkerøystinga måndag var ikkje bindande, og inntil vidare vil den ikkje føre til sjølvstende, men den har uansett bidratt til ei kraftig opptrapping i spenningane i området, ikkje minst mellom den kurdiske regionen og Tyrkia.

(©NPK)

Tyrkiske og irakiske styrkar deltar i ei felles militærøving ved Silopi søraust i Tyrkia. Foto: AP / NTB scanpix