Irak vil sende familiane til framandkrigarane tilbake til heimlanda

Styresmaktene i Irak vil sende fleire hundre nære familiemedlemmer til utanlandske IS-krigarar tilbake til heimlanda.

Nuredding Qablan, nestleiar for provinsrådet i Nineveh-provinsen, sa måndag at rundt 300 kvinner og barn er overførte frå Nord-Irak til Bagdad.

Herifrå skal dei utvisast til heimlanda sine. Det skal vere snakk om kvinner som har vore gift med IS-krigarar i Mosul og barna til desse para.

- Dette er den andre bølgja med utvisingar. Det kjem til å bli to eller tre til, seier Qablan.

Éi gruppe kvinner og barn er overførte frå interneringsleiren Tel Keif ved Mosul til Bagdad tidlegare. Planen er å overføre til saman 1.200 familiemedlemmer til IS-krigarar til den irakiske hovudstaden.

Tidlegare i år opplyste ei irakisk kjelde at det oppheldt seg 509 kvinner og 813 barn frå 13 forskjellige land i Tel Keif. Ei kjelde i regjeringa hevdar at rundt 300 av kvinnene er tyrkiske.

Den norske organisasjonen Flyktninghjelpen, som prøver å få tilgang til kvinnene og barna, opplyser at fleirtalet av dei kjem frå Tyrkia, Aserbajdsjan, Russland og Tadsjikistan.

Den ytterleggåande islamistgruppa IS kontrollerte tidlegare store område i Irak og Syria, men sit no berre igjen med små område nær grensa mellom landa.

(©NPK)

Irakiske regjeringsstyrkar etter å ha teke tilbake Rawah, den siste irakiske byen som var kontrollert av IS. Foto: Osama Sami / AP / NTB scanpix