Annonse

Irritert Putin meiner OL-nekt er ein «politisk kampanje»

(NPK-NTB-AFP): President i Russland Vladimir Putin slo til med eit verbalt OL-angrep igjen onsdag. – Utelukkinga av våre utøvarar strid mot alminneleg fornuft, sa han.

– Dette er diskriminering, og russisk idrett er offer for ein politisk kampanje, la han til.

Utsegnene kom i samband med at han besøkte delar av OL-troppen til Russland i Moskva.

Ei rekkje russiske utøvarar får ikkje delta i Rio-OL. Dette på grunn av at det er avslørt eit utstrekt dopingregime i landet. Det har vore systematisk statleg kontrollert doping.

Troppen til Russland var opphavleg på 387 utøvarar, men den kjem til å bli barbert med godt over 100 namn.

Heile 67 friidrettsfolk er nekta start. Darja Klisjina blir einaste russar med i den idretten. (©NPK)