Annonse

IS hevdar å stå bak angrep mot politi i Tsjetsjenia

IS hevdar dei står bak væpna angrep mot politi fleire stader i Tsjetsjenia. Fleire politifolk vart såra. Angriparane er drepne, ifølgje styresmaktene.

Annonse

Væpna menn gjennomførte måndag angrep på politifolk fleire stader i Tsjetsjenia, opplyser leiaren i den russiske republikken, Ramzan Kadyrov.

Styresmaktene stadfestar at to politimenn vart såra i byen Shali. Fleire trafikkpolitibetjentar vart såra i angrepa i hovudstaden Grozny.

- Bandittane er nøytraliserte, skreiv Kadyrov på Telegram-kontoen sin måndag, same dagen som han var på besøk i Saudi-Arabia.

Ekstremistpropaganda har «forvirra unge menn», skreiv Kadyrov og la til at situasjonen i Tsjetsjenia etter angrepet er roleg.

Innanriksministeren i Tsjetsjenia, Ruslan Alkhanov, seier at angriparane «prøvde å destabilisere situasjonen i Tsjetsjenia», men at dei ikkje lykkast med det.

Ifølgje det tsjetsjenske politiet prøvde to menn væpna med knivar å ta seg inn på politistasjonen i Shali. Der såra dei to betjentar før dei vart skotne og drepne.

Det har ikkje komme detaljar om hendingsgangen i hovudstaden, men Kadyrov skriv at ein angripar prøvde å utføre eit sjølvmordsangrep i Grozny. Angriparen overlevde eksplosjonen og vart lagd inn på sjukehus, ifølgje Kadyrov. Lokale medium viser til ikkje namngitte kjelder som har sagt at ein angripar køyrde ned tre trafikkpolitibetjentar med ein bil.

Seinare måndag uttalte ekstremistgruppa IS via propagandakanalen sin, Amaq, at dei stod bak angrepa, skriv den amerikanske nettstaden Site, som overvakar ytterleggåande islamistgrupper.

(©NPK)