Islandsk motstand for RBK

Rosenborg skal møta islandske Valur i 1. kvalifiseringsrunde til meisterligaen i fotball. Med siger der kan det vera duka repriseduell mot Celtic.

Det blei klart under trekninga i sveitsiske Nyon tysdag.

Valur kjem frå Reykjavik og blei seriemeister med ein margin på tolv poeng sist sesong. Laget toppar også den islandske ligaen etter ni rundar i år.

- Det er ei god trekning, synest eg. Ein veit aldri i fotball, men vi er favorittar. Eg trur begge klubbane er nøgde med trekninga, og det blir eit spennande oppgjer, seier den islandske midtbanemannen til Rosenborg, Matthías Vilhjálmsson til RBK.no.

Rosenborg opnar med bortekamp på Island 10. eller 11. juli. Veka etter går returkampen i Trondheim.

Nytt Celtic-møte?

Trekninga for andre kvalifiseringsrunde blei også gjort tysdag. Der blei det klart at Rosenborg kan liggje an til å møta Kristoffer Ajer og lagkameratane hans i Celtic. I så fall vil det vere ein reprise på kvalifiseringsoppgjeret i fjor mellom laga.

Vinnaren av oppgjeret mellom Valur og RBK skal nemleg møta vinnaren av dobbeltkampen til skottane mot Alasjkert frå Armenia.

I fjor gjekk Rosenborg rett inn i andre runde i Champions League-kvalifiseringa. Då blei det knipen 3-2-siger over irske Dundalk, før trønderane blei slegne ut av Celtic (0-1 samanlagt) i tredje kvalrunde.

RBK imponerte deretter stort ved å slå ut Ajax av europaligakvalifiseringa og avansera til gruppespelet i "veslebroren" til meisterligaen.

(©NPK)

Nicklas Bendtner og Rosenborg skal møta islandske Valur i meisterligakvalifiseringa. Foto: Ole Martin Wold / NTB scanpix