Israels forsvarsminister hevdar ny Gaza-krig er uunngåeleg

Ein ny krig mot Hamas på Gazastripa er uunngåeleg, seier Israels forsvarsminister Avigdor Lieberman.

- Spørsmålet er ikkje om det kjem ein ny konfrontasjon med Hamas, men når, seier Lieberman.

168 menneske er skotne og drepne av israelske soldatar sidan palestinarane på Gazastripa tok til med demonstrasjonar nær grensegjerdet kvar veke. Det store fleirtalet av offera var uvæpna, blant dei fleire barn, tre helsearbeidarar og to journalistar.

Lieberman omtalar både dei og dei mange tusen som er skotne og såra som Hamas-medlemmer.

- Hamas har mista 168, 4.348 er såra og fleire dusin terrorinfrastrukturar er øydelagt, seier han.

Ikkje noko val

Israel har gjennomført tre store militæroffensivar mot Gazastripa sidan 2008, og Lieberman meiner no at ein fjerde er uunngåeleg.

Israels energiminister Yuval Steinitz ymta i helga også om at Israel planlegg ein ny storoffensiv mot Gazastripa.

- Dersom vi ikkje har noko anna val, er vi etter mi meining nærmare denne moglegheita enn nokosinne, seier Steinitz, som høyrer til statsminister Benjamin Netanyahus høgreparti Likud.

Steinitz har også vore etterretning- og finansminister i Israel og blir rekna som ein av Netanyahus mest lojale og nærmaste støttespelarar. Han har tidlegare skapt overskrifter ved å omtala den palestinske presidenten Mahmoud Abbas som «fiende nummer éin».

Store tap

Ifølgje Netanyahu har Israel dei siste vekene påført Hamas store tap på Gazastripa, men han avviser spekulasjonar om at landet førebur ein ny storoffensiv mot den folketette palestinske enklaven.

- Vi står midt opp i ein kampanje mot terror i Gaza. Den kjem ikkje til å enda med eit stort slag, sa han under eit regjeringsmøte søndag kveld.

- Kravet vårt er klart: Total våpenkvile. Vi kjem ikkje til å nøya oss med mindre enn det, heldt fram han.

Norsk kritikk

Israel har hausta krass internasjonal kritikk og menneskerettsorganisasjonar skuldar landet for overdriven maktbruk og moglege krigslovbrot som følgje av valdsbruken mot uvæpna demonstrantar på Gazastripa.

Utanriksminister Ine Eriksen Søreide (H), som sjølv besøkte Gazastripa tidlegare i månaden, slutta seg tidleg til kritikken og kallar Israels maktbruk uakseptabel.

- Det er uakseptabelt å skyta med skarpt mot demonstrantar. Dette er tydeleg kommunisert til israelske styresmakter, sa ho til NTB i mai.

(©NPK)