Israelske fly angreip mål på Gazastripa

Israelske kampfly har angripe ei rad mål på Gazastripa etter at det vart fyrt av rakettar og granatar mot Israel.

Ifølgje den israelske hæren vart det skote 45 rakettar og granatar frå Gazastripa mot Israel natt til onsdag. Fleire av dei fall ned på palestinsk side av grensa, andre vart skotne ned av Israels rakettforsvarssystem, og ingen kom til skade i angrepet.

Ingen skal heller ha komme til skade under dei tre bombetokta frå israelske kampfly mot Gazastripa, der 25 såkalla Hamas-mål ifølgje den israelske forsvarsleiinga vart angripne.

Den israelske hæren skuldar Hamas for å stå bak angrepa.

- Ansvaret for alt

- Terrororganisasjonen Hamas gjennomførte i løpet av natta eit kraftig rakettangrep og trekkjer Gazastripa og innbyggjarane der stadig djupare i gjørma, heiter det i ei kunngjering.

- Dei har ansvaret for alt som kjem frå Gazastripa og må ta konsekvensane for at dei med overlegg rettar sin terror mot sivile israelarar, heiter det i ei kunngjering.

Hamas har ikkje tatt på seg ansvaret for rakett- og granatangrepet, og mindre grupper som Islamsk Jihad og den militante salafistgruppa Tawhid al-Jihad har tidlegare gjennomført liknande angrep.

Uvæpna demonstrantar

132 palestinarar er drepne sidan slutten av mars, då innbyggjarane på Gazastripa begynte å halde demonstrasjonar kvar veke nær grensa mot Israel. Blant dei drepne er det både journalistar, barn og ein helsearbeidar i kvit uniform.

13.000 palestinarar er såra, det store fleirtalet av dei alvorleg, mange etter å ha blitt treft av fleire skot, ofte fyrt av på fleire hundre meters hald, opplyste Den internasjonale Røde Kors-komiteen tysdag.

1.400 palestinarar er ifølgje ICRC treft av mellom tre og fem skarpe skot, mange av dei i beina, noko som krev komplisert ortopedisk kirurgi.

Sjokkert Guterres

FNs generalsekretær António Guterres er «sjokkert» over at israelske soldatar skyt med skarpt mot uvæpna palestinske demonstrantar på Gazastripa.

- Israelske styrkars drap på barn, og på tydeleg identifiserbare journalistar og helsepersonell under ein demonstrasjon, er heilt uakseptabelt, sa Guterres i ei orientering til Tryggingsrådet tidlegare i veka.

FNs generalsekretær understrekar at dei israelske soldatane har «eit ansvar for å utvise maksimal tilbakehaldenheit», noko han meiner at dei ikkje gjer.

(©NPK)

Palestinarane på Gazastripa har halde demonstrasjonar mot israelsk okkupasjon og blokade kvar veke sidan mars. Desse kvinnene deltok i ein demonstrasjon 8. juni. Foto: AP / NTB scanpix