Italia lovfestar vern av asylbarn

Italia har vedtatt ei lov som gir einslege mindreårige asylsøkjarar det same vernet som italienske barn.

Frå no av skal alle barn som kjem aleine til Italia, få tildelt eit personleg verje. Einslege mindreårige migrantar skal også få rett til å gå på offentleg skule og få tilgang til offentleg helsehjelp.

I samsvar med den nye lova kan barn som kjem til Italia utan foreldre eller føresette, ikkje deporterast eller sendast tilbake til heimlandet, skriv DPA. Dei har også rett til å bli vurdert for fosterheim.

Lova vart vedtatt onsdag og er den første i sitt slag i Europa, opplyser italienske Redd Barna i ei fråsegn.

- Denne lova betraktar dei først og fremst som barn - ikkje utlendingar, migrantar, flyktningar eller nokon annan kategori, seier Italia- og Europa-direktøren i organisasjonen Raffaella Milano.

I 2016 kom over 25.800 mindreårige sjøvegen til Italia utan mor, far eller nokon annan vaksen verje. Fleire av dei var under ti år. Talet er dobbelt så høgt som året før, ifølgje italienske Redd Barna, som har vore blant dei største pådrivarane for lovforslaget.

Så langt i år har nesten 4.000 einslege mindreårige komme til Italia, opplyser organisasjonen.

(©NPK)