J17-landslaget fekk oppreising i ruskevêret

J17-landslaget til Noreg i fotball reiste seg etter 0-5-smellen mot USA og spelte 1-1 mot England i eit kraftig ruskevêr i Hednesford torsdag.

- Det går ikkje an å snakka om denne kampen utan å nemna vindtilhøva. Forholda var såpass ille at dommarane vurderte å avlysa kampen, seier landslagstrenar Børje Sørensen til fotball.no.

- Før pause var det vi som hadde medvind. Då pressa vi England heile omgangen, men det var vanskeleg å få til noko spel slik tilhøva var. Slik sett har ikkje kampen så stor verdi, men det blei ein god test fordi vi måtte stå i det, vinna duellar og rydda unna i boksen.

Noreg pressa høgt i lange periodar, og England måtte ofte spela tilbake til keeper. Ein gong bomma keeperen, og sjølvmålet etter eit snautt kvarter gav Noreg leiinga.

Sørensen venta at England skulle pressa i medvinden etter pause, men det blei ikkje like tøft som han venta.

- Dei første 20 minutta av omgangen bølgja spelet fram og tilbake, og vi sleppte ikkje England til. Dei fekk til ein slags sluttspurt, og til sist fekk dei utlikninga, sa han.

Dei to kampane i England denne veka var siste test før eliterunden i EM-kvalifiseringa. Noreg møter Wales, vertslaget Bosnia-Hercegovina og Danmark i slutten av mars, i kamp om plass i sluttspelet i Tsjekkia.

(©NPK)