Annonse

Jagland kritisk til press mot Putin

Generalsekretær i Europarådet Thorbjørn Jagland meiner det er på tide å gå tilbake til meir normale kontaktar med Russland.

- Dei som er mot Russland, brukar alle høve til å pressa Russland opp i eit hjørne, uavhengig av konsekvensar. Mens Russland er i ein tilstand der dei skal slå tilbake. Det gjer det vanskeleg å finna løysingar, seier Jagland til NTB.

Han hadde onsdag ein halvannan time langt møte med Russlands president Vladimir Putin i Moskva.

Dei diskuterte den veksande krisa i forholdet mellom Russland og Europarådet.

Konflikten oppstod då parlamentarikarforsamlinga i Europarådet i 2014 bestemte seg for å ta frå russarane stemmeretten i forsamlinga. Vedtaket kom som ein reaksjon på Russlands annektering av Krimhalvøya i Ukraina.

I fjor svarte Russland ved å frysa pengebidraga til Europarådet. Situasjonen har skapt frykt for at Russland kan forsvinna ut av Europarådet.

No åtvarar Jagland mot å trekkja sanksjonspolitikken for langt etter annekteringa av Krim.

- Det er vel ingen som ser for seg at alle internasjonale kontaktar skal bli skadelidande for all framtid på grunn av dette, seier Jagland til NTB.

- Før eller sidan må ein koma tilbake til ein meir normal tilstand, seier han.

(©NPK)

Thorbjørn Jagland er generalsekretær i Europarådet. Foto: Berit Roald / NTB scanpix